Om stedet
Badstova vår er ei sjølvbetjent, vedfyrt badstove idyllisk plassert ved fjorden i Uskedalen i Kvinnherad. Frå benkene ser du rett ut over fjorden gjennom det store vindauget medan vedomnen knitrar. Ei økt varer i 1 time og 30 minutt, og badstova har plass til opptil seks personar — kvar bestilling er privat, så de har heile badstova for dykk sjølve. Når bestillinga er gjort, får du tilsendt ein SMS med kode til hengelåsen. Koden er gyldig frå 60 minutt før økta di startar. Vanlegvis tek det omtrent 30–45 minutt å fyre opp til god temperatur — eller vel «Ferdig oppfyrt badstove» som tilleggsprodukt minst 24 timar før økta, så gjer vi alt klart for deg. Enkelt omkledningsrom og parkering ved badstova.